Finnøy Idrettslag har planar om å bygge nytt klubbhus og moderne garderobeanlegg på Leikvoll der idrettsbanen er. Samstundes siktar klubben på å bli ein kvalitetsklubb med tanke på NIF sine krav. I denne klubben er sponsormidlar og dugnad hovudinntektene som legg grunnlaget for det varierte tilbodet idrettslaget kan tilby medlemmene sine i heile Finnøy kommune. Utan aktive og gode sponsorar og stor dugnadsinnsats er det ikkje mogleg å drive idrettslag i distrikta, slår dei fast. På Finnøy er fotballen hovudaktiviteten, elles tilbyr dei også handball, volleyball,friidrett og turn for barn.
– Me arbeider for å auke breidda og ikkje berre satse på fotballen, fortel det engasjerte idrettslaget.