Hjelmeland Idrettslag driv i hovudsak med fotball, håndball og ski. Klubben har omlag 600 medlemmer. Idrettslaget legg vekt på at sponsinga frå Hjelmeland Sparebank og andre er viktig for å halde oppe aktiviteten i laget. Sponsing frå næringslivet lokalt utgjer 40 prosent av inntektene i laget, og er dermed viktig for å halde oppe god puls i breiddeidretten.
– Me har som mål og oppretthalde dagens aktivitet og forhåpentlegvis auke den etter at me har bygd klubbhus og garderobeanlegg tidlegare i år. Bygginga av dette huset hadde heller ikkje gått utan fantastisk bidrag frå Hjelmeland Sparebank og andre bedrifter i kommunen. Støtta frå bedriftene utgjer omlag 50 prosent av kostnadane ved å bygge klubbhus, slår idrettslaget fast.