31/10/2018
Fotballglede i Staal IL
Foto:Staal IL

Drøymer om ny idrettshall

Staal Idrettslag jobbar no med å få på plass ein ny idrettshall på Jørpeland.

Staal Idrettslag på Jørpeland har om lag 1100 medlemmer og tilbyr eit variert tilbod av treningstilbod til både barn og vaksne. Hovudmålet til klubben framover er å auke medlemsmassen, minske fråfallet og heve standarden på trenarane i klubben, samt at seniorlaget skal ligge på minimum det nivået dei gjer i dag. For å nå desse måla meiner klubben at anleggskapasiteten er spesielt viktig. Difor jobbar Staal IL no med å få på plass ein ny idrettshall så raskt som mogleg. Hallkapasiteten er meir ennsprengt på Jørpeland, meiner klubben og viser til at det kan hindre medlemmerfrå å få det tilbodet dei ynskjer.

– Sponsorinntekter er midlar som er enormt viktig for klubben. Dei er med på å løfte kvaliteten til både utstyr, anlegg og arbeidet som elles blir gjort i Staal Jørpeland IL. Sposormidlane blir fordelt ut etter ein fordelingsnøkkel slik at gruppene sjølve kan vurdere kva dei ynskjer å bruke midlane på, seier idrettslaget. Hjelmeland Sparebank er stolt sponsor av idrettslaget.

Staal IL tilbyr friidrett, handball, fotball og Superstaal, som er eit treningstilbod for handicappa personar.

– Difor jobbar Staal no med å få på plass ein ny idrettshall så fort som mogleg. Hallkapasiteten er meir enn sprengt på Jørpeland, noko som fører til at mange av våre medlemmer ikkje får det tilbodet som dei ynskjer.

AKTUELT
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.