Ropeidhalvøya Bygdekvinnelag har 21 medlemmer i alderen 30 - 65 år. Desse damene har eit sterkt engasjement for levande og aktive bygder. Dei held kurs og arrangerer sosiale møteplasser, og er vertskap for lokalrevyen. Dei søkte - og fekk - Gåvefondet om midler slik at dei kan kjøpa inn forkler og t-skjorter til bruk ved tilstelningar. Me gratulerer, og heiar på alle som bidreg til trivsel i Ryfylke.